Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
med i seinare Tid... Tosken han var; hadde han berre
haldi paa med dei andre; men no sat han der. Han
hadde freista med baade godt og vondt; hadde endaa
bödi henne Pengar; for ingin kunde vita kven som var
Far til den Ungen; ho hadde no visst tri... Men um
ho tenkte at ho skulde bli Gardkjering, eller um det
kunde vera sant at ho paa sin Maate heldt av han, —
der var inga Raad med henne. Ho vilde gjera Eiden sin
paa, at ho ikkje hadde havt med andre aa gjera i den
Tidi, sagde ho; og Ungen skulde kje ljuge seg Far til...
F—anken aa koma uppi slikt Uføre!
Det fanst daa berre ein Utveg: Amerika. Det vart
gali heime; fælt gali vart det, no daa han Far var slik
. ..Mor skulde han endaa faa til aa taka det med Vit;
men han Far —. Men naar han ikkje kunde; naar han
ikkje kunde? Og neigu um det vart likare, naar han
kom heim med ein Lausunge ...
Eller med slik ei Fyrkje til Kjering — aa jau!
Det vart verre, vart det. Han Far fekk greide det.
Gunnar skulde skrive so vent og rimelegt; lova aa
koma heim um eit Par Aar... Han drap seg sgu ikkje.
Folk som gjekk og rødde um det gjorde det aldri.
Det var berre eit Paafynster av han Far, at han so
plent vilde ha ham heim. Den Kjærleiken stakk nok
ikkje djupt. Det var berre noko han fann paa. Sjuke
Folk fann paa so mykje. Gunnar hadde daa ikke fyrr
merkt noko til, at det skulde vera so heitt med
Kjærleiken !
Nei; han fekk fara. Tala med Gjenta endaa ein
Gong; men hjelpte kje det, — so var der kje onnor
Raad. Og so kom han daa endeleg ut i Verdi au, som
han so lengi hadde drøymt um. —
–Ein Dag kom han Helge heim fraa Byn med
eit Brev til henne Anna. Gunnar var farin til Amerika.
233
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>