- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
236

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

saaledes, at den gamle Synder kunde se det fra sit Tag.
Og hvorfor gaar jeg, Ole Christian Olsen, omkring her
som et Nar for Bauerne og en Rørdrum i Ørkenen; —
mon ikke for de djævelske Femininers Skyld, baade de
i Vika og hende udenfor Vika, som jeg traf en Dag i
Ungdommens Vaar paa hint historiske Punkt, hvor
Dyden ender og Drammensveien begynder? Saa skal du
da heller ikke forundre dig over din Søn, Enok. Thi der
staar skrevet: Kvinden er et Rovdyr av Reptiliernes
Ætt, men Manden en Tullebuk av Saueslægten. Adjø,
Enok! Tag det som en Mand!»

Han svinga stolteleg avstad ut Landsvegen.

— Daa Enok Dagen etter køyrde heimyvi att, visste
han alt. Men skyna det ikkje.

Det hadde vorti so stilt um han. Og slik ei Susing
og Tumling. Hovude glødde som ei Kolmile. For Augo
saag han heile Tidi ein svart Flekk.

Folk som tala til han kunde kje skyna at han ikkje
svara. Dei fleste kjende kje Mannen. Han maatte vera
full. —

— Anna laag heime utmødd av Svevnløyse og Sut;
mest uroleg var ho for han Enok. Daa ho seint paa
Kvelden høyrde Karjolen utanfor Glasi, vart ho
heilt-upp glad. I same Stundi sovna ho.

Serina hadde stelt Mat til Far sin og gjekk aat
Kam-merse. Torkjell sette inn Hesten og fylgde Enok inn.
Han totte han tok det baade rolegt og vitugt. Var nok
litt still og rar. Men ein kunde kje venta han skulde
vera glad heller.

«Det er kje noko aa ta seg Tæring av dette, Enok.
Guten kjem att. Det var verre um du hadde misst han.»
— «Aa ja.» — «Og no fær du snart Brev fraa han, so
du fær vita koss det gjeng.» — «Ja.» — «Ja so fær du
ha Godnatt daa og sova vel.» — «Ja—a.» —

236

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0238.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free