- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
237

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Enok sette seg i Benken ved Vindauga; her var so
varmt. Tikk—tikk; tikk—tikk ...

–Um han tok Øksi og slagta deim; so vart det

kje so mange Munnar aa føde. — Reise til Amerika.

Det var mange, som reiste til Amerika.–Var det

kje einkvan som hadde sagt, at han Gunnar hadde fengi
Lausunge ?

Her var so stilt. — Han skulde ha vori ein annan
Stad no, men kunde kje hugse —. — Tikk—tikk, tikk
—tikk ... Øksi. — Det var igaar det. Det var igaar det.

— Tidi gjekk. Enok sat der.

Han var so heit; der stod som ein Strjukebolt gjenom
Heilen hans. Han vilde ut. Men kom han utanfor Døri
so var det einkvan som vilde taka paa han. Der høyrde
han deim. Dei rødde; dei var sinna. Ikkje ut; ikkje ut.

Men han lika kje dei tvo graae Mennane, som var
komne inn her. Kva vilde dei? — gjekk og tusla og
tasla med slike stille, vare Kattestig. Tett innaat han.
Nappa etter han; — nappa. Tuslande og graae. Og
stirde paa han. Kjende dei han? — slike tome rædde
Augo. Der var komin ein uppi Benken. Inni Kroken;
ovanfor der han sat. Det var ein leid ein, det; sat og
lurde og glodde. Lurde og glodde; tenkte paa vondt.
Stygge Augo; kalde, rædde. Glodde. Kva tenkte han
paa ? — og liksom dei skulde kjenne han...

Utrygt her. Stilt, stilt reiste Enok seg av Benken.
Lurde seg framum Borde; so Stig for Stig nedetter mot
Døri. Dei nappa etter han; nappa etter han, men rømde,
naar han saag kvast paa deim. Hyss. Stilt lét han upp
Døri. Smaug ut; lét att.

Stiltra seg ut i Kjøken. So ut Bakdøri. Daa den var
att, tottest han vera trygg. «No sit dei der. No sit dei
der; hæh, hæh —.»

Men der var graae Mennar her au. Han sprang attum

237

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0239.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free