Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kjerrehusveggen og gøymde seg. Stod og kikka; jau,
der kom dei. Fleire og fleire. Stille og lette som
Skuggar. Han tok Foten fat. Yvi Gjerde; ned gjenom
Vest-Ækra. Lenger og lenger ut; heilt til Aarvollen. Men
endaa fylgde dei.
Fleire og fleire. Ein heil Flokk rædde graae
Tuslingar. Naar han stana, so stod dei; naar han gjekk, gjekk
dei og, Han lika kje denne Luringi. Kva vilde dei han ? —■
sette til Sprangs. Ned gjenom Marki; heilt ned aat Aai,
fylgde Aakanten nedyvi og nedyvi. Kvar Gong han saag
att-ende, var dei komne nærare. Styggety. Og fleire og
fleire vart dei; ein heil Ring av graae Mennar. Dei
vilde kringsetja han. Han sprang og sprang.
Eit stort Vatn stansa han. Og no kom dei fraa alle
Leidir; hit etter Strendane; hit ifraa Heiane. Og dei
kom nærare og nærare. Tett inntil ’n. Og nappa, nappa.
Han fikta og sparka. Med ein Gong saag han ein fælt
høg ein som hadde Horn.
Augo sveiv rundt i Hausen hans; ein stygg Laat
braut seg fram som fraa eit innklemt Bryst; han gjorde
eit unaturleg høgt- Hopp — beint ut i Vatne.
Eit svært, tungt Plask. Tvo, tri sterke Baaredrag slog
inn mot Strandsteinane med sukkande Skvaling. Han
kom kje uppatt meir. Evja maatte hava sogi ’n i seg. —
— Sunnanvinden strauk yvi Vatne med sin linne Sus.
Og det sutla og skvala, koseleg og smaatt; sutla, skvala
. .. sutla, skvala ...
238
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>