Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
9 HAUGTUSSA
Det gjeng med Segnir og Æventyr
og løgne Rispur um Troll og Dyr.
„Han Helge Haaland so vide jagta;
ein Gong i Byen han laag og slagta.
Men daa han kom seg til Holmesylt
paa Vegen heimatt, daa vart han tryllt.
Det var som Fjelli dei hadde flutt seg;
det var som Leidine hadde snutt seg;
og Jord var Vatn, og Vatn var Jord,
og Hav var Fjellgard, og Sud var Nord.
Han hadde gløymt kvar han heime budde;
i Ring han tulla, og so han snudde.
Attende bar det so snøgt som Eld ;
det leid paa Tidi; det var alt Kveld.
Han kjende plent som det saug og drog’en.
Med ein Gong stod han i Vatneskogen.
Daa vart han fælin, det maa dé tru,
og andre Gongen so laut han snu.
Og berre Søyla han gjekk og glatt i,
og meir og meir vart det svarte Natti.
Og Leidi burte var so for han,
som han skuld’ vera i framandt Land.
Og langt og lengi han gjeng og flakkar;
sist stend han ør millom bratte Bakkar.
Her aldri fyrr han i Verdi var.
Men so med ein Gong han finn ein Gard.
Og glad vart han, der han stod forlegin,
og inn han gjeng og vil spyrja Vegen.
Men aldri Orde so fær han frett.
For slik ein Gard hev vel ingin set.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>