- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Haugtussa. I Helheim /
10

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10

HAUGTUSSA

Det berre glimar og glor og blenkjer
fraa Krakk og Kraa og fraa Bord og Benkir;
og Perlur hev dei um Hals og Haar,
og Sylvstas singlar kvar Gong dei traar.

Han gløymer reint kva det var han vilde;
og alle her er so hjarte-snilde.
Dei stullar um han i Rad og Krins
med Drykk og Mat som han var ein Prins.

Han gløymer heime og alt der ute;
snart er han sessa paa Silkepute.
Der sit han stirer og er som ør;
d’er nett han svarar naar nokon spyrr.

So tidt han tyrster so kjem med Krusi
den vene Dotteri der i Huse.
Slik Dros i Verdi han aldri saag;
reint som ei Hildring det um ho laag.

Han ser paa Gjenta som vil han daane;
ho smiler til han so han kann braane;
Den Gamle nikkar og segjer daa:
,,um du ho likar du kann ho faa."

„Ja fær eg henne og dertil Garden,
so kund’ eg aldri bli betre farin."
„Ja Garden fær du naar fraa eg feil,
og Bryllaup held dé i denne Kveld!"

Og alt gjekk godt til um Natti seine,
daa dei i Brur-koven vart aaleine.
Daa alt med ein Gong han skyna maa;
for Huldrerova so fær han sjaa.

Daa baade fæle han maa og flire,
og Kniven dreg han i Hast or Slire;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1909/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free