Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HAUGTUSSA
So leikar dei rundt i lysteleg Dans,
paa tvo Bein og andre paa fire;
det svingar med Arm og sveiver med Svans;
det dissar i Stokk og i Spire.
Daa høyrest det Traakk.
Inn støler ein Flokk . . .
Jau no skal me sjaa her vert folksamt nok.
Huldri or Haug,
Tuft og Dverg og Draug,
Bøyg og Bustetroll
bykser inn i Koll;
lufsar i Kring
lett som inginting,
kravlar upp paa Kant og Kiste;
lempar seg Rom
midt i Staak og Ljom,
dansar der i Kraa,
ingin kann det sjaa;
Gryte og Kjel,
Horn og Tussespél
Læt ein Laatt som ingin visste:
Vatsdrope-Klunk, Bekkje-Surl i Jord,
Vindgraat av Vest, Baaresus av Nord,
Kviskring i Kraa, Dun av døyvde Ord,
Kvasi av Lauv, som feil fraa Kviste . . .
Sulle no, tulle no,
Graakall og Graakulle,
tulle no, sulle no,
svævd er Sol;
humpe no, hoppe no
Graatopp og Graatoppe,
hoppe no, humpe no,
hau! d’er Jol.
Bummel,
Bammel,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>