Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
30
HAUGTUSSA 30
Rokkedans og Rammel,
myrkt fraa Berg til Blaane.
Bammel,
Bummel,
Rangedans og Rummel,
sløkt er Sol og Maane.
Og villt og villare, hei! det gjeng,
hei! kringande deg,
hei! svingande deg;
no gjeng det paa Kar, no gjeng det paa Spreng,
no gjeng det forutan Maate.
Og aldri saag du slik Hurlumhei
med Sveim og med Staak,
med Bræl og med Braak;
det durer i Natti paa langan Leid,
og dei er fulle og kaate.
Tingel,
Tangel,
Rumledans og Rangel,
Brak i Bjørnekjole . . .
Og her er Guten, aa hei og haa!
gjenom Berg og Fjell,
gjenom Os og Eld;
aa vil du meg ha, so kann du meg faa;
eg fær naar eg berre peikar.
Aa kom med Truten, aa haa og hei!
slik drusteleg Dreng
kann du faa i Seng;
det finst kje slik Kar um til Rom du reid ;
aa ser du kor lett han leikar.
Tangel,
Tingel,
Vavredans og Vingel;
godt og myrkt i Joli ....
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>