- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Haugtussa. I Helheim /
60

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

58

HAUGTUSSA 60

i Glans av dette Ljos fraa Himlen böri.
Ho drikk den lette Luft i djupe Drag
og syger Liv av denne Herrens Dag.

Han syng og blistrar, driv, og stundom røder,
halvt gutebljug, halvt mansleg klok og kaut;
det gjeng um Vér og Vind og Sol som gløder,
um Fjelli her og desse snilde Naut.
Han mangt fortel um kvart og eitt av Dyri.
Men mest han veit um „Dokka", Bjøllekyri.

Og fri og glad og reint som kjend ho blir,
og svallar med i denne gode Trygdi;
han hev kje denne halve, kalde Flir
som desse tunge Gutar nedi Bygdi.
Han nemner henne beint og godt og greidt;
Haugtussa-Namne visst han aldri veit.

Han syner henne Gjætle-Berg og Bekk,
og Svartedalen lang med Kvervesteinen,
som stundom snur seg, plent som Liv han fekk,
og Skare-Ufs, der Farfar hans skaut Reinen.
Men der i grøne, svale Bjørkelid,
der hev det ein Gong vori Bjørnehi’.

Ho spyrr som halvt i Skjemt um her er Troll;
„aa ja," han svarar utan Spott i Tanke,
„det bur nok sumt i baade Kuv og Koll;
men meir det sviv ikring paa Videvanke."
Og no ho vita fær at Jon er klok;
han grev i Kufta si og finn ei Bok.

„Kann hende trur du kje at slikt kann finnast?"
— det kjem eit Mistru-Drag um Munnen fjaag —;
„men meir enn ein eg veit som vel kann minnast
at slike Ting han klaart med Augo saag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1909/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free