Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
58 HAUGTUSSA
61
Og her i denne Bok eg ein Gong fann
du skal faa sjaa at denne Tru er sann."
Det er so knapt ho kann si Glede styre.
Att-under Stein dei set seg baae tvo;
her Ku og Smale gjeng so godt i Ro,
so no dei kann seg trygt med Kunnskap hyre.
Ho ser paa Jon mjuk i sitt Augnelag.
At Dreng kann vera ven ho veit i Dag.
Han les i Boki, svart som bakt i Jord,
og d’er visst lengi sidan dér han stikta;
der stend um Nykk og Troll med reine Ord;
og daa me veit det kann kje vera dikta.
Kvart Ord ho syp, og lyder trutt og ant,
og lær og ropar: „sjaa um d’er kje sant!"
No kann dei lengi nok faa læ og flire;
det stend i Boki; og han Jon det trur.
— So glade sit dei saman der i Urd,
og Sogur gjeng, og dér tarv ingin fire.
Og Nistematen saman gneg dei paa;
Jon sit og sit og gløymer reint aa gaa.
Med Undring høyrer han det store Ord,
at um han Tagnad tru vil ærleg lova,
so er ho sjølv av desse faa paa Jord,
som hev den underfulle Synegaava.
Han gjev si Hand. Av Vyrdnad er han fyllt.
Og alt ho no fortel. Han er som tryllt.
So lid det til; dei tenkje maa paa Klokka.
Det er alt seint; ho er visst mote sju.
For siste Gong han helsar Sau og Ku
og kjæler kjærleg for den blide „ Dokka".
So maa han gaa. Aaleine stend ho der.
— Men Dokka fekk fraa same Stund ho kjær.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>