Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
76
HAUGTUSSA
Og speglar deg rein
og glid yvi Stein,
og sullar so godt
og mullar so smaatt,
og glitrar i Soli med mjuke Baar*.
— Aa, her vil eg kvile, kvile.
Du tiklande Bekk,
du siklande Bekk,
her gjeng du so glad i den ljose Lid.
Med Klunk og med Klukk,
med Song og med Sukk,
med Sus og med Dus
gjenom lauvbygt Hus,
med underlegt Svall og med Svæving blid.
— Aa, her vil eg drøyme, drøyme.
Du hullande Bekk,
du sullande Bekk,
her fekk du Seng under Mosen mjuk.
Her drøymer du kurt
og gløymer deg burt
og kviskrar og kved
i den store Fred
med Svaling for Hugsott og Lengting sjuk
— Aa, her vil eg minnast, minnast.
Du vildrande Bekk,
du sildrande Bekk,
kva tenkte du alt paa din lange Veg?
Gjenom aude Rom?
millom Buske og Blom?
Naar i Jord du smatt,
naar du fann deg att?
Tru nokon du saag so eismal som eg.
— Aa, her vil eg gløyme, gløyme.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>