Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
58 HAUGTUSSA
75
med Regn, so reint i Flaum ho vasse maatte.
Ho berre skundar seg og vil i Seng.
Det er det einaste ho veit og treng.
Men nett er Gamlen komin heim fraa Kyrkja;
og no med Pipa nøgd han nytt fortél:
„jau daa var Jon i Skarebröte sæl,
um hans ho vart, den kaute Velstands-Fyrkja!"
Ho kjenner Styng i Brjost og Skjelv i Kne;
i Vanmagt trøytt ho sig paa Stolen ned.
Daa fær ho høyre meir enn sjølv ho vilde;
ho høyre maa, at denne Guten staut,
som so ho trudde, lett sin Lovnad braut
og floksa fritt med alle Gjentur gilde.
Men no han vankar klok paa Bele-Raas
til sjølve rike Megga ifraa Aas.
Og denne etter Jon er reint som gali;
ho lokkar han so alle kann det sjaa;
og han so vel som andre vita maa,
at ho er best av alle Gifte-Vali.
Og so med denne Drosi eine dansar han,
og andre gode Gjentur aldri ansar han.
Som Fuglen, saara under varme Veng
so Blode tippar lik den heite Taare,
ho dreg seg sjuk og skjelvande i Seng
og vrid seg Natti lang i Graaten saare.
Det slit i Hjarta og det brenn paa Kinn.
No maa ho døy; ho misste Guten sin.
Ved Gjætle-Bekken.
Du surlande Bekk,
du kurlande Bekk,
her ligg du og kosar deg varm og klaar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>