Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
125 HAUGTUSSA
Reis deg med Magt og ut deg rykk;
gjev att, gjev att den Synde-Drykk!
Det store Töl du lære!
— Du ut er vald til Ære."
Burt sloknar Syn og stille Kvad.
Men Gislaug stend i Hjarta glad
med Von og Vigsels-Taare.
I svære Strid ho yvi vinn.
Det vaknar Mod i mødde Sinn.
Ut, ut or Fall og Faare! —
Høgt les ho Fadervaare.
Dei trøytte Føtar Vegen snur.
Ho finn det svarte Trollebur,
og Døri upp ho river. .
„Eg vil kje eige Hjelp av deg!
Eg vender um fraa denne Veg!" —
Og Flaska inn ho hiver,
so Glod og Gneistar driver.
Ei svær Stund.
Den lange Vinter lakkar;
han syng paa sin siste Sull.
Det brunkar i kvite Bakkar,
og Aai fløymer full.
Med Hjul maa bytast Meidar
paa Veg og Køyrefar.
Det driv med Regn i Heidar
og yvi den graae Gard.
Der inne i gamle Stova
paa Sengi høg og mjuk
maa Gislaug ørski sova;
so braadt ho lagdest sjuk.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>