Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I HELHEIM
213
Veslemøy.
Kva hev desse Stakkarar broti
som gjeng her seg sjølve til Spe?
Dei vinn ikkje fyrr den vesle Høgdi,
so maa dei i Glupe ned.
Systeri.
Dei bela til Mengd og Muge
og selde for billeg Ros
ein Song, som skulde i myrke Heimar
nørt det ævuge Ljos.
Dei selde for billeg Ære
og Ros som inkje gjeld
ein Kunst som skulde i kalde Heimar
nørt den ævuge Eld.
Volva fører deim
fram yvi Mo;
ein gamal Skald der
aaleine stod.
Aaleine stod han
skrukkin og skrinn
og reiv i Strengin’
paa Leiken sin.
Skalden.
Saart under Domen tung maa Skalden kvide,
som hugtryllt sveik si Songmøy vigd og vald.
Snart glødd i heite Skam hans Sjæl maa svide,
og snart han skjelve maa i Rædsle kald.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>