Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I HELHEIM
263
Kann vondt dei faa gjort,
snøgt dei seg skundar,
glefser til
liksom galne Hundar.
Aat Jordi dei hastar;
der hev kvar ein
sitt Folk aa elte
og gjera Mein.
Der hev dei sit
Vonde-Verk aa gjera;
men tidt dei sin Herre
maa Bod bera."
Smaadjevlar svarte
der millom smett;
„d’er dei som for Hel-Herren
Ærend skvett.
Snøgge dei høpp
her til og fraa;
hev kvar sine Sjælir
aa fyri raa’.
Hev kvar sine Sjælir
aa leike seg med
og daare og svike
og narre her ned.
Eller kvar sine Syndir
aa dyrke med Sut,
at Røtane styrkjest
og ikkje gjeng ut.
Med Snøggbod styrer
Hel-Herren daa
den Verdi han sjølv
er støytt ned ifraa."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>