Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
264
I HELHEIM
Hel-Herren.
Volve du vise, høyr og seg kva Tidi mun lide;
lengi eg sat; og hardt meg Lengting sliter i Hugen.
Seg meg um Tidi er nær; um sotbrune Hane gjél snart,
varslande Striden, daa han som Rome mitt tok skal falle.
Endelause skrid i roleg Gang gjenom Verdi,
seint som Uksar for Plog, dei seige graae Aartusund,
eitt for eitt. Eg mæler og tél og reknar og gløymer;
ventar Stundi med tol-laust Mod og æveleg ventar;
aldri mi Tid kjem.
Sant nok ; eg raader og rikjer
yvi den vide Jord. Eg er denne Heimsens Fyrste.
Meg med dei mange Namn og mange Hamar som daarar
kvar etter Hug og Smak og Vit, meg tenar dei trottugt,
Storfjølden all, i Borg, paa Børs, i Læger og Kyrkje.
Mine Futar eg hev og Tenarar all Stad paa Jordi,
Fyrstar og førande Menn, Riksstellarar, Tenkjarar, Skaldar,
Prestar og fyrst og fremst min beste Lokkemat Kvinna.
Men kva nyttar det alt. Eit framandt Velde hev lagt seg
tungt yvi meg og mitt. Sjølv sit eg i Nivlheim bundin,
slitin i Uro og lange Harm; og dei som meg tenar,
hughalve gjer dei det, og rædde og lite glade,
elte av Samvits Agg og Angest som løynleg gneg deim.
Trygt dei ikkje meg trur. Det andre Velde deim skræmer,
tyngjer til Slutt deim ned og øyder all deira Vinning.
Ingin som tenar meg fær hugheilt Løni si njote;
rædd han fæler ei Magt, som lurer og tek ifraa han
meir til sist enn han vann.
Ein Gud i Band og i Trældom
sit eg her til Spott. Og alle mine er bundne
liksom eg. Det tölte og bar eg mykje for lengi.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>