- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Haugtussa. I Helheim /
265

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I HELHEIM

265

Aldri Ro i min Hug eg fær, fyrr Stundi er komi,
daa med Hel-héren fram eg gjeng og Himilen stormar,
leggjande under meg alt, med Rett, for daa hev eg Magti.

Fri vil eg staa og sterk, og frie skal Mennar meg tena;
fri skal den store Lyst yvi Verdi grenselaust fløyme
utan Trege og Sut for deim som er mine av Hjarta.
Eg er Gud og raar; min Vilje er Livslov og Lagnad;
gjenom Ævur og Tid og Rom gjeld mitt Ord aaleine;
ingin sét meg Mein i Mannheim, Hel eller Himil.

Daa er Verdi fri og sterk, og Live fær Helse,
løyst av Rædsla sjuk og Samvits pinande Uro;
fritt daa rullar Blod med Elsk og Hat gjenom Aarir;
heit brenn Hug i Strid for glødande Eigin-Vilje;
veikt og skralt og mildt fær døy og det sterke vinne;
Gudar og Djevlar veks paa Jord og Gjerningar store,
Vaae-Verk eg Ville-Leik som lyser til Himlen.
Daa er komi Rike mitt. Spaa, Volve, naar kjem det?

Volva.

Upprørar er du
alle Dagar,
Liv-Øydar,
Lov-Vendar,
Mot-Gud, Mot-Krist,
Brjotar som ikkje
byggje kann.
Eignalaus
annans Rike
raade du vil,
rive du laut;
vondt veid du,
vinn aldri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1909/0271.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free