Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Helga. At du vil her ut paa Lande att. Treivst
du kje paa Amtskantore?
Jens. Trivst kje i Byen.
Helga. Det tykkjer eg er rart.
Jens (smiler). By er Bonde Himmerik, ja. Men —
— ikkje i Lengdi. Der er so heimlaust. Me som er
upp-vaksne millom Fjell og Haugar og Hav, me kann kje
slaa Rot paa Bygata.
Ein er alltid paa Flytjefot der. D’er Hotel og Hast
og Heimløyse allting. Du vert hivd og slengd fraa Vegg
og til Stokk, og fraa Gate til Gate. Aldri kjem du til Ro.
Helga. Ja men d’er daa Umbyte. Her gjeng ein og
dabbar paa ein Flekk.
Jens. D’er kje Umbyte heller. Ein byter og byter;
men d’er alt eit Slag.
Ein er allstad framand. Den du budde Vegg i Vegg
med igaar er burte i Morgo. Og sjølv er du burte i
Overmorgo. Du bur i Hus med Folk du ikkje veit Namn
paa. Og dei ligg sjuke og døyr, og du veit ikkje av det,
fyrr du ein Dag kjem til aa sjaa at der er barstrøytt i
Gata utanfor Døri di.
Helga. Du kunde arbeidt deg upp og kaupt deg
Hus sjølv.
Jens. Gate er Gate, um ein so eig Grunnen. Og rett
som det er kjem Kommunen og riv Huse ditt ned. Der
skal gaa ei Gate yver Tufti____
(Ute i Gangen høyrest Staak, ustade, tunge Stig,
Borir, som vert upprivne; straks etter eit skjellande
Kvinn-folkmcele.)
Jens. Kva er tids ?
(Helga legg fraa seg; gjeng aat Døri og ser ut. Ein
høyrer):
Maren Doktar (skjeller; ho er grovmælt, mest
10
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>