Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
som ein Mann:)–ja det kann du helse han paa.
Eg treng kje noko Heilagtryne til aa gaa og rote der
nede; lat han rote hjaa Tausine sine —; ja eg ser nok
du sit der, Tabitha–
Helga (skarpt). Kva er tids, Maren? — s jaa og
kom deg paa Dør.
Maren (driv fram i Dørglytten; det er ei svær
Lurje, stor og slurveleg; ho er full). Hæ? Er det
Subba sjølv? Ja du kann høyre det du au, so vigtig du
er: eg vil kje ha Mannen din rennande i Dørine mine.
Eg treng ingi «Hjelp», eg. Maren Doktar greider seg
sjølv ho, kann du segja. Eg hev Iglane mine–
Helga. Gjeng du med det gode ?
Maren. Gu gjer eg so. Tarv aldri bry deg, Megga!
(Skrik.) Men hels han paa det! (Døri att.)
Jens. Er det ei av dei han skal frelse, det ? — Ho
saag meg nok ut til aa kunna turve det.
Helga (sukkar; set seg). I desse siste Tidine hev
han funni paa — slikt og. Fyrr var han daa rimeleg
i den Maaten. Han var endaa med i dette Samlage som
Presten hev skipa —
Jens. — mot Tigging, ja. Er han kje med der
lenger ?
Helga (sukkar). Nei. — Og no ser det ut til han
vil berre leite upp all den verste Fanten han kann finne.
Ja Carolus Magnus hadde me fyrr; honom tykte han
liksom han hadde i Arv fraa Far sin. Men no vert det
den eine etter den andre, — Rasmann Rottehölen, og
—; ja no høyrer eg han hev vori hjaa Maren Doktar
med.
Jens (smiler). Og det er den Takken han fær.
Den andre ho nemnde, — er det og slik ei? Taletta
eller —
Helga. Tabitha; nei, det er ei av Systrane.
11
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>