- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
13

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han hadde ei Urid daa, — den Gongen ho hadde narra
han so stygt, Dotter til Presten.

Helga. Aa, — var der noko aalvorsamt i det ? Sjølv
segjer han det var berre Barnefjas.

Jens. Det var det nok; men det var daa for hennar
Skuld han tok paa aa studera.

Helga. Aa ja. — Og daa han so hadde lesi seg
mest forderva og var halvferdug til Prest —

Jens. Ja so tok ho Doktaren og lét honom sitja.
For henne hadde det nok berre vori Fjas.

Helga (med ein halvdøyvd Sukk). Og det... tok
han seg so nære.

Jens. Ja, med det same so. Og der er aldri Hov
med han Paal; d’er alt utan Maal og Maate. Men so
var eg sløg og tok han med meg heim til Eide, eg; og
daa du fekk han i dine Garn — (smiler).

Helga. Vas. — (Gløymer seg liksom burt; med
halvt attletne Augo; mullar.) Ja d e n Gongen ... heldt
han av meg.

Jens. Kva segjer du ?

Helga. Inginting. — Men no vil du hava meir Kaffi.

Jens. Ja Takk; han var god. — (Smiler.) Eg er
Kaffikjering som alle Maalstrævarar.

Helga (ved Omnen; skjenkjer upp). — — Nei; var
eg so trygg for han i alle andre Maatar — —

Jens. Aa, du kann vera trygg for det andre au.
Han tek det braadt, han Paal; men Hovude hans er
godt, og Teologien sin kann han, — so han tullar seg
ikkje so lett burt; det var anna Skil med Far hans.

Han vinn seg nok yvi, skal du sjaa. Eg undrast paa,
um denne Ridi han no hev fengi ikkje likso godt kann
vera — Krisis? Vendingi?

Helga (djup Sukk). Gjev det var so vel!

Jens. Er det fire Aar det hev haldi paa no ?

13

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free