- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
21

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

No ja; so laut eg prøve meg paa dette, eg au daa; og
det var her som elles. Laakt Stell. Eg hekk likso fast
ved Verdi som Far min. Og det hadde eg ikkje visst
fyrr! Gamall Teolog og Lærar i Kristindom, Lærar og
Vegvisar for andre, Gud hjelpe meg; og so hadde eg

kje ein Gong lagt Merke til–. Nei no maa du

høyre paa meg, Helga.

Helga (reint glad; som ung att; gjeng att og fram
i eigne Tankar og hev ikkje fylgt med i det siste). Eg
høyrer, eg høyrer... men no fær eg nok ut og kveikje
Ljos aat deg. (Ut Kammersdøri.)

Paulus ( ser mot Himilen. Stilt.) Hjelp meg med
dette, Herre!

Jens Eide (kjem). Naa! der er Angjældende.
Goddag, Paal; Takk for sist.

Paulus (upp fraa Borde; glad). Goddag, Goddag;
sjølv Takk, Jens! Eg trudde mest ikkje du vilde vyrde
meg so mykje; det var berre so vidt eg fekk sjaa
Snippen av deg her um Sundagen. (Set fram Stol.)

Jens. Nei du hadde vorti so heilag, Paal; og me
Juristen sind bøse Christen, veit du. (Smiler.)

Paulus. Ja det er so sant som det er sagt.

(Jens set seg.)

Og vil du no drygje og høyre paa meg i Kveld, so
tenkjer eg du vert endaa meir rædd meg. For no er eg
heilag, Jens! Fyrr var eg berre Farisæar.

Jens (ser paa han). Hm. Eg fær høyre paa deg i
Kveld daa.

Paulus. Og so maa eg tala med Lensmann
Eide ein Dag; for eg vil selja Garden min.

Jens (forstøkt; reiser seg). Kva Fanden er no det?

Paulus. Ja Helga veit det kje enno, so me skal
ikkje nemne det i Kveld.

Jens (aalvorsam; mest skarp). Eg trur ikkje heller

2 — Garborg V.

21

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free