Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Paulus. Han meinte eg var paa same Vegen som
han Far, stakkar.
Men so fortalde han meg um Far min. Og daa fekk
eg vita Ting som eg aldri hev visst; — stakkars snilde
Mor mi tagde helst um dette, som rimelegt maatte vera.
— Du; Far min var ein merkeleg Mann.
Helga. Han meinte det visst godt —
Paulus. Ein merkeleg Mann. Ja han sa det, Meier
au. Ei veldig, kristeleg Kraft; kunde ha gjort
Storverk, um me hadde visst aa nytte han ut, sa Meier.
«Og hadde eg,» sa han, «vori den eg burde vori, so
hadde eg sagt: ja, sél alt ditt Gods og gjev det til dei
fatige; det skulde eg sagt», sa Meier, «daa han kom til
meg so kvidefull og spurde, korleis han skulde forstaa
dette Jesu Ord. Hadde eg sagt det, so hadde Mannen
vori frelst!» — sa Meier.
Helga (reiser seg). Kaffien din vert kald, Paulus.
Paulus. Langtifraa. — Ja for veit du kva det var
som dreiv Far min paa Sjøen? — Han kjende med seg
sjølv, at han elska Rikdom, og at dette batt han til
Verdi; og Aandi sa til han: riv deg laus, gjer deg fri;
gjev fraa deg alt. Men han var veik, og vreid seg, og
ingin kunde rettleide han, eller styrkje han; og so gjekk
han med dette, til dess han vart sjuk av det. —
Stakkars Far; aa, som eg forstend han.
(Det tek til aa skumast.)
Helga (hev teki Koppen hans; er ved Omnen og
skjenkjer upp). Det er sant: du raaka vel Evelinde no
daa du kom?
Paulus. Ja men eg hadde ikkje Stunder —
Helga (set Kaffien fram; tek med ein Gong
Paulus um Halsen og kysser han).
Paulus (forkvifsa). Naah. Desse Kvinnfolki.
Hengen eller Sprengen–
20
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>