Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Jens (uroleg att og fram). D’er eg visst.
(Stanar.) Du, høyr no, Paal. Eg vil tala beintfram
med deg. Du hev Tankar med dette. Eg veit at dei
moderate vil ha deg til Storthingsmann.
Paulus (lær). Det slepp dei, naar eg gjer meg til
Fant!
Jens. Aa, du greider alltid til Røysteretten. Og
med den Folkeyndest du vinn, naar du med denne store
Gaava lettar Fatigbyrdine for Sokni —
Paulus. Nei; eg vert reint Fant, Jens. Berre so
vidt eg hev til Livemaaten vil eg tene. Meste Tidi fér
eg um og talar Gudsord, eller hjelper mine Fatigfolk.
Jens. Kva vil du hjelpe deim med, naar du ingin
Ting eig?
Paulus. Med Arbeid. Eg er Jordarbeidar, og eit
Grand Skomakar, og litegrand Snikkar... (Smiler.)
Og so vil eg tigge aat deim.
Jens. Du maa Dø og Pine agte deg, Paal. Dette-her
er den ville Sverming.
Paulus (smiler). Eg hev aldri vore so roleg og
klaar.
Jens (tek til aa gaa att). Du hev ein Bakveg endaa,
Farr. Du veit at Helga gjeng aldri med paa dette; ho
krev si Helvt av Pengane, og — —
Paulus (stilt). Helga hev eg ofra. Eg veit ho
gjeng fraa meg no.
Jens (stanar; mullar). Det — var det daa.
Paulus. Men Gud vil upplyse henne og gje meg
henne att.
Jens. Med Helvti av Pengane ja–
Paulus (smiler). — som eg daa au kann gjeva til
dei fatige.
Jens (att og fram. Meir og meir raadlaus).
Hm-hm; hm! Dette er —. Hm.
23
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>