Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Høyr no, Paal. Set deg. Lat oss tala rolegt og
vi-tugt. (Dei set seg.) So. Du skræmer meg mest med
dine galne Paafund, Paal. Men eg veit du er soleis; so
urimeleg braa. Dette her kjem du til aa tenkje yvi ein
Gong til, Paal. Eg vil berre fortelja deg, at du gjer
verre enn du veit, um du gjer Aalvor av dette. Nett no
hev eg eit Arbeid fyri, som eg veit du vil like, og som
eg hev gledt meg til aa faa deg med paa —
Paulus. Hev du ?
Jens. Trur du eg hev gjevi upp ein roleg og trygg
Embættsveg og er komin hit til Heimbygdine att berre
til aa eksekvere og auktionere? — Nei; det er andre
Ting som sviv meg i Hugen, Paal. Hugsar du Politiken
min fraa Studenterdagane ?
Paulus (smiler). Eg hugsar me gjorde Narr av
deg, av di du var Høgremann.
Jens. Ja, ja —
Paulus. — og vilde ha oss ind under Sverig til
Berging for Nationaliteten vaar, — «Tjodskapen», som
du sa–
(Ola og eit Par andre Karar kjem inn med Stolar
og lange Bordfjølir.)
Paulus (upp). Det var rett, Ola. (Rettleider deim,
korleis dei skal setja Benkine, og hjelper sjølv til.) Set
dei den Vegen; — so ja; og godt hit. (Stolar vert sette
med lange Millomrom, og Bord lagde ovanpaa deim, so
det vert Benkir.) So ja.
O 1 a. Tarvst det fleire, tru ?
Paulus. Aa nei. Kjem det mange, fær Ungdomen
staa. Det vert kje noko langt Møte. Takk skal de ha!
(Dei gjeng.)
(Ser paa Klokka.) Ja no hev me deim snart. Me fær
talast meir ved um dette sidan, Jens. Kann du koma
hit i Morgo ? — Til Nons ?
24
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>