- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
26

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

(Braadt.) Eg skal tegja som Muren. Eg skal vera
snild med Helga i Kveld.

Jens. Det er rett, Paal.

Paulus (fær ein Tanke). Du Jens, — eg vil beda
deg um ein Ting. Du skal segja henne dette. Du kann
gjera det so mykje linnare. Eg berre busar paa eg; eg
kunde støkkje Vite av henne.

Jens (fornøgd). Det skal eg gjera, Paal. So snart
me hev tala saman i Morgo og Tingen er greid, so–

Paulus (handtek han). Takk, Jens; du er den same
greide Karen som du hev vori. Takk skal du ha; no
liter eg paa det. (Det høy r est Stig i Gangen.) Og no
fær eg ut til meg sjølv og tenkje litegrand paa Talen
min, — so eg ikkje skal buse altfor hardt paa. Kom
inn til Helga du, og haldt henne med Lag so lengi. (Dei
gjeng ut Kammersdøri.)

(Folk strøymer inn. Millom dei fyrste ser ein
Tabitha og Evelinde saman med andre yngre
Sy-strar; desse set seg paa Midbenkine. Eldre Folk,
Men-nar og Kvinnur, set seg fremst; yngre Mennar lengst
bak.

Lars N o r db r a ut, gamall og graa, Per Aase,
ein litin tett Stabbe med Dyffelsfrakke og Sylvknappar
i Vesten, og G u dl eik, Gut paa eit Par og tjuge, set
seg upp i Benken ved Grønborde. — Stogo fyllest.

Laagmælt Samtale og Kviskring. Der er noko stilt og
liksom ventande yvi Samlingi. Lars N o r db r a ut
gjer seg fyri med aa synast roleg, samtalar halvhøgt
og smilande med Per Aa s e og andre, som kjem
burt-til og helsar paa han.

Helga og Jens Eide smøy g jer seg inn
Kammersdøri og set seg i Sofaen lengst framme. Straks
etter kjem)

Paulus. (Han er roleg og aalvorsam; stryk Helga

26

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free