Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
yvi Haare, daa han gjeng framum. Stig fram til
Grøn-borde). God Kveld, godt Folk. Lat oss syngje
Offer-verse vaart: «Offer, Offer er det store —.»
(G u dl e ik gjev Tonen. Koralen vert songin
ein-røystes og utan Spél.J
Offer, Offer er det store,
løyndomsdjupe Livsens Krav.
Offer! tonar Frelsarorde
yvi Daap og yvi Grav.
Lov er sett for Mann og Møy:
vil du liva, maa du døy!
Vil du vinne Livsens Heppe,
Maa du roleg Live sleppe.
Paulus. Ver hjaa meg i Kveld, du som opna Augo
mine, og legg Klaarleik og Kraft i mine Ord, Amen.
Gode Vénir. (I «Lesartone».) Hev de den rette Anger
yvi Syndi? Me veit, at heile vaart Liv hev vori ei
einaste lang Lekkje av Synd fraa fyrste Stundi til no;
og me veit kor veike og vesalle me er, so at kvar Tanke,
kvar Rørsle i oss er Synd; — hev me Angeren ? Hev me
den sanne Syndsvedkjenning? For utan den kann me
aldri faa Del i Naaden.
(I sin vanlege Tone.) Er det kje so eg hev tala til
dykk? Gong paa Gong, og Aar etter Aar? Og maala
Syndi for dykk med alle dei Fargane, Maala aatte?
Og de lika dette. De vart aldri trøytte av aa høyre paa
meg; og de grét og hadde det godt, og kom att kvar
Gong paa nytt, at eg skulde fortelja dykk um Syndine
vaare. (Uro.)
Men tykkjer de at de hev gjengi fram i Kristindom
ved dette? Voks de i Heilagdom ved aa gaa soleis og
klabbe med all denne Syndi, hyggje dykk med Syndi,
aldri bli ferduge med Syndi, gaa her og liksom breide
ho ut og vise ho fram, og kappast um kven som var den
27
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>