- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
34

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Aa, det er Tabitha? Korleis hev du det? (Set
fram Stol.) Set deg.

Tabitha (set seg). Takk.

Jens. Kor stend det til med Johanna ?

Tabitha. Ho slepp visst snart heim.

Jens. Hm.

(Tek upp Snadde og Tobakspung; stappar og
kveikjer.)

C a r o 1 u s. Maa jeg have den Ære at spørge
Herren ... (smiler mjukt) eg maa tilstaa, at eg ikkje har
den Æra–

Jens. Eg er den nye Lensmannen.

C a r o 1 u s (kvekk; tvingar seg; heretter svært stram
og finsleg). Aa! — (bukkar lenkjeleg) Lensmannen naa?

Jens. Og du ?

Carol us (urimeleg høfleg). Mit ringe Namn er
Carolus Magnus Thomassen.

Jens. D’er kje noko ringe Namn det. (Ser skarpt
paa han.) So det er Carolus Magnus.

Carolus. Aa ja, Gudbetre, Lensmannen har vel
hørt gjeti meg. Jeg er af det saakaldte Tater- eller
Fantefolk oprindelig, og er (sukker) ikkje kjend berre
for det gode, dessverre.

Jens. Og no Guds Barn.

Carolus. Ja ved Guds N— ja eg freistar paa det,
eller forsøger. Men eg er svag.

Jens. Du er vel det. — Du er godt kjend med
Paulus her?

Carolus. Han er min store Velgjørar og Lærar,
som eg aldri kann nok fulltakke. Og no frei— forsøger
eg i stor Skrøp — so godt eg kann aa bli Folk, — so
godt eg kann, ja. (Rettar seg.) Og fyrst og fremst
legg eg meg etter, um jeg kunde faa lidt mere Oplys-

34

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free