Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ja slik hev dei det. Hæh.
(Gjeng burtaat Skatole, prøver um det er læst. Gjeng
aat Omnen au.)
Hæh. No er der vel ny Sylvstas.
(Gjeng aat Bokhylla. Tek ut Bøkar og ser paa
Titelen. Kvekk og slepper ei Bok i Golve, daa han høyrer
Døri gjeng.)
Tabitha (inn. Bleik og stirande). Guds Fred.
Carolus (er Lesar att). Guds Fred, Tabitha.
Korleis læt Herren deg ha det?
Tabitha. Takk godt.
Carolus. Ja, Herren er god med oss, Tabitha. Du
var vel paa Møte i Gaarkveld?
Tabitha (som fyrr). Eg høyrde Læraren.
Carolus. Han var vel god som vanleg, den kjære
Læraren vaar?
Tabitha. Herleg... er han.
Carolus. Ja han hev store Naadegaavur. (Hostar.)
Eg var so krimfull eg, so eg fekk ikkje Naade til aa
vera med i Gaarkveld.
(Lirkande.) Ja han lét oss vel høyre kva me er for
Syndarar, og uværdige at kaldes Guds Børn. Han hev
ei sers Gaave til det, Paulus.
(Døri gjeng upp. Jens Eide kjem; vinterklædd.)
Jens. Aah! — Goddag. (Tek av seg.) Kaldt i Dag.
(Gjeng aat Omnen.)
Carolus (utrygg). Ja, her er virkeleg — svært
kaldt. Men vi maa bære hvad som Herren sender oss.
Jens (ser nedetter han). Er du og ein av Brørane?
Carolus (hugmjuk). Ja, ved Guds Naade kan jeg
sige, at eg i stor Skrøpeligheit–
Jens (stutt). Eg er ikkje av Brørane. Tarv kje
skapa deg for mi Skuld. (Carolus forfjamsa; tegjer.)
33
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>