- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
38

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Tabitha. Du vil føre meg.

Paulus. Eg skal føre deg til Jesus. Men so maa
du lyde meg.

Tabitha. Eg skal lyde deg no og all Tid.

Paulus. Ja du lovar meg det ?

Tabitha. I alt vil eg lyde deg.

Paulus. Daa skal eg segja deg kva du skal gjera.
Du skal gaa heim og tene og hjelpe dine gamle Foreldre.

Tabitha. Dei er ugudelege.

Paulus. Det er deira Sak. Du skal gjera ditt;
hjelpe og tene deim og vera ei god Dotter for deim.

Tabitha. Dei forbyd meg aa gaa paa Bønemøti.

Paulus. Du skal lyde deim i det som i alt. Du
tenar Gud betre med aa kjemme din lame Far enn med
aa sitja og savle i Bønemøti. Les Testamente ditt! —
Veit du kven som er din Næste?

Tabitha. Alle Menneskje.

Paulus. Nei. Dine næmaste er din Næste. Og dei
Gud elles sender deg, og som treng di Hjelp. Det er
din Næste; deim skal du tene og gjera vei imot. Me
skal hjelpe kvar vaar Næste, so vert alle hjelpte. Og
du, Tabitha, hev din Gjerning tydeleg fyrilagd av Gud;
du hev dine gamle helselause Foreldre.

Tabitha. Dei hatar Jesus. Dei bannar deg.

Paulus. Lat deim hata og banne; du skal signe
og gjera vel. Lat ditt Ljos skine for deim, at dei ser
dine gode Gjerningar; so lærer dei nok aa prise Faderen,
skal du sjaa.

Tabitha (meir og meir liksom vaknande). Eg kann
ikkje liva ... utan Bønemøti.

Paulus. Segjer du at du ikkje kann gjera Guds
Vilje, — so vil du ikkje. (Snur seg og gjeng i f raa henne.)
Og kva kjem du daa her etter?

(Arg.) Gaa i Bønemøte. Sitja og hengje og flipe i

38

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free