Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Bønemøte. Det skal vera Gudsdyrking. — Naar du hev
høyrt Orde, so skal du gøyme det i eit godt Hjarta og
liva etter det; det er aa dyrke Gud. (Streng.) Forstend
du meg?
Tabitha (slær Augo ned. Laagmælt). Eg vil...
lyde deg.
Paulus. Ja. Gakk so med Fred heim til ditt Hus;
fraa i Dag av hev du Naade med deg.
Tabitha (gjeng fram og tek han i Handi). Du er
streng. Takk. Den Herren tuktar, den eiskar han.
Paulus. Du hev sagt at du vil lyde meg, Tabitha.
Tabitha. Eg vil lyde deg!
Evelinde (stikk Hovude inn). Er Tabitha her?
Paulus. Ja, Evelinde! Kom og fylg henne, og ver
god mot henne; ho treng til deg. Ver sterk, Tabitha!
Hjaa Evelinde er du trygg. Farvel og Guds Fred!
(Dei gjeng.)
Jens. Berre Moro er det nok ikkje aa vera
Sjæle-syrgjar.
Paulus. Stakkars Tabitha. Der er so mykje godt
og trufast hjaa henne.
(Set seg.)
Jens (ser paa han). Evelinde hev du ei god
Meining um?
Paulus (varmt). Henne er eg trygg paa.
Jens (granskar han med Augo; tegjer litegrand).
Hm. — Elles likar eg deg betre no enn — igaar, Paulus.
Paulus. So ? — Det er sant; hev du tala med Helga
i Dag?
Jens. Ho kviler enno.
Paulus. Det er godt. No, daa du hev sagt meg det,
so ser eg au at ho er trøytt og veik, stakkar. Fe eg
hev vori. — Eg hev havt det som ho Tabitha: fyrst
skulde eg hjelpe alle andre —
39
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>