- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
41

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nok galin paa sin Maate; alt det han tenar med si
Tim-bring og Snikkring, det gjev han burt; men han kastar
det daa ikkje reint ut i Vér og Vind som du vil gjera;
han hjelper Ætti si med det.

Paulus. Ja me hev han Tore mykje aa fyri takke,
baade du og eg. Men kva var det du vilde segja um
Far din?

Jens. Kann du forstaa, kvar ein gamall Bondemann
som han Far kunde hava slik Kultur fraa?

Paulus. Han hadde det i Arv.

Jens. Ja; det er det. D’er det som skil millom Far
og Carolus: han var runnin av gamal Kultur-Rot og
hadde Samanheng med si Rot; men Fanten flyg rotlaus
ikring og raskar til seg noko her og noko der, og fær
kje Samanheng i nokon Ting.

Paulus. Det er soleis med oss au, Farr.

Jens. Aa ja. Men daa han Far vaks upp, var
Samanhenge med det gamle ikkje brotin enno. Han vaks
upp i Kulturluft, i eit rolegt Ljos av innvunne og
livs-prøvde Tankar og ein fast og innvaksin Folkeskikk; og
gjenom Umgang med Bygdefolk og framande fekk han
inn heile den Rikdom av Livskunskap og
Menneskje-kjenskap, som laag uppsamla i Folkeminne og forma i
Sogur og Vers og Ordtak, — kvart Ordtak innhaldsrikt
som ei Bok.

(Det hev vorti myrkt. G ur ina kjem med Lampe.)

Paulus. Dette er eg med paa, Jens.

Jens. Eg veit du var innpaa det i gamle Dagar; og
det var her eg tenkte eg skulde finne deg att no.

Ja for du kann vel vera med paa Politik?

Paulus. Eg hev kje tenkt paa det enno. Riksstell
og Riksstræv og alt dette andre Sakstræv bryr eg meg
so lite um. Men lat meg høyre.

41

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free