- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
42

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Jens. Veit du kva Grunnen er til, at det vert færre
Kulturmennar som han Far, og fleire og fleire
Halv-klokingar som han Carolus? — Grunnen heiter: den
17de Mai 1814.

Paulus (lær). Det kjenner eg att, Jens. Tenkjer
du enno paa aa bli ein ny Halvor Hoel?

Jens. Høyr no, Paal. Dette hev eg sagt deg fyrr,
og eg hev Bruk for det enno: aldri hev vaar norske
Nationalitet vaksi so rolegt og godt som under
Danske-velde. Dansken var heilframand; han kunde ikkje gjera
so mykje vondt. Og paa Framandvis styrde han, so at
Folke tydde seg saman i seg sjølv Bygd for Bygd, og
livde med seg sjølv og vann fram sitt eigi. Daa vaks
alt dette som dei halvframande sidan hev laant og
um-skrivi og kvakla burt og endaa tek Ros og Ære for:
Visur, Sogur, Stev, Leikar, ein norsk Tonekunst, ein
norsk Fargekunst, — alt livde og vaks i sitt eigi
Samanheng; det framande var berre Bekken, som silra inn
yvi og vatna og friska upp. Det hadde vorti ein
full-vaksin norsk Kultur av dette, um ikkje Svensken hadde
prakka paa oss dette 1814; men daa vart alt avbroti;
det framande kom som ein Braaflaum inn-yvi oss og
reiv upp heile Folke.

Paulus. Ja.

Jens. Dei som no raar er framande, men ikkje
framande nok! Dei kallar seg norske og fær oss til aa tru
at dei er norske; og so gjev me oss til aa herme, og
slepper og gløymer det som vaart er. Snobbing og Jaal
sprengjer all Smak, all Stil, all Sans for det ægte, so at
no er inginting gildt utan Krambugods og Fabrik-jugl,
og inginting fint utan det som lugtar Gate. Det er dette
me maa reise oss imot.

Paulus. Ja Bygdepolitikus er eg; so mykje veit eg
visst.

42

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free