Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og um de segjer: nei; men me trudde paa den
Augs-burgske Konfession, — vil det hjelpe dykk? — Han
vil svara: mine fatige kunde kje eta seg mette paa den
Augsburgske Konfession; ikkje ei Naud eller Sorg paa
Jordi vart avhjelpt med den Augsburgske Konfession;
gange Djevelen i Vald! — eg kjende dykk ikkje.
Per (rædd). Me trur paa Jesus, paa Jesus —
Paulus. Dersom du segjer: eg hev Tru, men ikkje
held Guds Lov, daa er Trui di eit Lik, eit Etsi, ei vond
Lukt for Herren Sebaot; ei vond Lukt er alle
Konfes-sionane vaare og all vaar rette Tru; eg segjer dykk:
Sosialistar og Anarkistar gjeng fyri dykk inn i Guds
Rike!
Lars f skjelvande og som fortumla; mest paa
Graa-ten). Gud hjelpe og trøyste oss. Gud hjelpe deg,
Paulus! — Herre Jesus, lat det ikkje gaa med deg som det
gjekk med — ein annan eg kom til aa minnast i denne
Stund.
Lat oss gaa, Per; lat oss gaa; Gud straffar oss, Per,
Gud straffar oss for vaare Syndir; hardt, hardt tuktar
og straffar han oss — — (stabbar aat Døri).
Per (upp i Augo paa Paulus; mest hoppande). So
fær du s jaa, kva Tid du vert Storthingsmann! (mot
Døri).
Paulus. Per? (Per og Lars snur seg halvt.)
Vil du vera fullkomin, Per, so sål ditt Gods og gjev det
til dei fatige; so skal du hava ein Skatt i Himilen —
Per (frøser). Agta deg sjølv du! (Dei vil ut. I det
same gjeng Døri upp, og Tore og Jens Eide kjem.
Tore helsar paa Lars og stengjer dermed Utgangen;
daa han høyrer Paulus tala, gjerst han paa med dette,
— innlystig.)
Paulus (held fram). «Usæle de Farisæarar, de
Skrymtarar! at de eta upp Husi for Enkjur og for ei
54
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>