- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
53

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og gjera det gode! Det skal din Hug vera fyllt med,
og ikkje med Tankar um kor syndig du er; for med
slike Tankar eggjar du Syndi paa deg. Gjeng det ein
Dag daa du ikkje hev gjort noko godt, um det so berre
var aa gjeva ein av desse minste ein Drykk Vatn, eller
aa segja eit godt Ord til ein heimlaus og vénalaus, —
gjeng det ein Dag daa du ikkje gjorde noko Menneskje
ei Glede eller ei Hjelp, — den Dagen er spilt for deg,
Per; den Dagen var du ikkje Jesu Fylgjesvein.

Per (til Lars). Han lærer Gjerningar. Vil du
høyre paa ’n meir?

Paulus. De talar um Synd imot Anden; men det
er Synd imot Anden: aa synde med Vilje etter at me
er frelste! Det er det, Hebræarbreve kallar aa traa ned
Guds Son, vanvyrde Blode til Pakti og svivyrde
Naa-dens Ande! Agte dykk, de Farisæarar! De som heller
vil gaa i all dykkar Tid og syte yvi Syndi enn de vil
sleppe henne; de som finn paa ein sjølvbedin Dyrknad
og dermed lurer dykk ifraa det som Meistaren krev;
de som nemner Jesu Namn, men ikkje trur han paa
hans Ord; — ein hardare Dom skal det gaa yvi dykk
enn yvi alle Fornegtarar.

Per (uppøst til Lars). D’er som eg segjer. Han
er fallin. Han er Fritenkjar. Han fornegtar sjølve Trui.

Paulus (som hev vorti meir og meir aalvor sam og
varm). Trui er den Kraft som yvi vinn Verdi; men
dykkar Tru, yvivinn den nokon Ting? — Tru! Tru! — i
3 og 5 og 28 Artiklar! Rett Tru og rang Tru! Strid
og Kiv og Kjekl um den Augsburgske Konfession! Naar
den store Dagen kjem, trur de daa me skal upp til
Yvi-høyring i den Augsburgske Konfession! «Eg var
hungrig, gav de meg Mat? eg var tyrst, gav de meg Drikke?
eg var nakin, klædde de meg? eg var sjuk, aaleine, i
Fengsel, saag de um meg?» — det vil han spyrja um!

4 — Garborg V.

53

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free