Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vakne millom oss. Eg er reint — eg er baade glad og
rædd. Skal Rike koma snart; og er kanskje du ein av
deim som skal rydja Herren Veg, Paulus?
Jens. Stopp! — Han er galin nok fyrr, han der;
det er meg du skal hjelpe, Tore.
Tore (aalvorsam). Eg hev sagt deg det, Jens: i
Samvitssakir blandar eg meg ikkje.
Jens (med Akseldrag). «Berr er brorlaus Bak»–
Tore (til Paulus). Ein Mann som kann gjera det
du no hev gjort og vil gjera, ventar eg mykje av. Berre
du ikkje kjem burti noko, so dei fær Tak paa deg.
Jens. Kann du stydja han i slik Aatferd, Tore ?
Kann du finne det rimelegt, kann du — (leitar etter
Ord).
Tore (smiler). Nei rimelegt er det ikkje. Det er
ein svært urimeleg Ting, Paal. Og du fær mykje aa
ettertenkje.
Jens. Verst er det for Helga. Eg veit reint ut ikkje
korleis eg skal faa sagt henne det som eg lova deg, Paal.
Tore (hugfallin; ser ned). Nei Helga, Stakkar.
Dette vil ho ikkje lett forstaa.
Paulus. Det vert det tyngste.
Tore. Ja; og helst i denne Tid.
Jens (ser paa Tore). Kor daa? — Er der noko sers?
Tore. Ja —?
Paulus (uroleg). Ho ser noko trøytt ut; men–
Tore. Du veit daa, at du kann vente deg ein litin
Odelsmann paa Garden, Paulus?
Paulus (stirer; reiser seg halvt). Du seg jer kje
sant!
Jens (reiser seg fornøgd). Naah! Han kjem til Lags!
Tore. Jau det er daa visst nok, veit eg ?
Paulus (gjer som eit Hopp; straalar upp yvi heile
Andlite). Nei men — nei men — (ropar høgt) er det
56
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>