Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sant? — Og eg som trudde Gud vilde straffe meg for
–. Aa —! (til Tore, tek han i Aksline og ristar
han) Nei men seg jer du sant, Tore? (rundt ikring)
Aa nei, aa nei; at Gud vilde gjera meg so glad! Eg
maa inn! eg maa inn! Aa du Helga, du Helga! Nei
dette —!! (ut i Sprang).
Tore (ser uroleg paa J ens). Men dette trudde eg
daa han –
Jens (nikkar fornøgd). No sel han ikkje Garden sin.
Paulus (kjem stilt inn att, bleik og bøygd, med den
eine Handi knytt uppi Haare. Stend litegrand. Gjeng
seint frem-yvi Golve. Med ei Stynjing). Dette hadde eg
ikkje tenkt paa.
Tore (reiser seg uroleg). Du maa kje taka det so,
Paal. D’er kje sagt —. (Trivande etter noko aa segja.)
D’er kje sagt det er «Odelsmann» ... Vaarherre veit
vel ei Raad ...
Paulus (med baae Hendane i Haare. Stirer
hjelpelaust). Dette hadde eg ikkje tenkt paa.
Tore (veit kje kva han skal finne paa). Det kann
gjerne hende eg tek i Miss au. D’er kje rimelegt...
naar det hev vart so lengi...
Paulus (kastar seg ned i ein Stol, legg seg
fram-yvi Borde; fær ei Braarid av Graat). Dette... hadde
eg ikkje tenkt paa!
(Sig paa Kne. Med Hendane mot Himilen; saart:)
Krev du dette Offere, Herre?
(Duken feil.)
57
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>