Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Paulus (skjemtande). Hev du no gjort upp med
deg skjølv, korleis du vil fara aat med denne Galningen
du maa vera gift med? (halvt til Tore) Endaa godt
at ho ikkje reint rømer ifraa meg!
Helga. Eg er kje so stakkarsleg som du trur.
(Braadt, skal vera skjemtande ). Eller kanskje du helst
vilde eg skulde rømt, du?
Paulus (lær). No skal me høyre.
(Tore ser paa henne; ho slær Augo ned.)
Nei men i Aalvor (halvt til Tor e): er de komne til
Lags um noko?
Tore. Helga vil gjera som han Jens vil.
Paulus. So. Ja, eg fær vera fornøgd eg, — at me
ikkje vert lenger skilde.
Helga (ser granskande paa han). Du hev det godt,
— som kann taka alt so rolegt. Du tykkjer visst ikkje
det er so faarlegt aa liggje der ute i svarte Heidi ein
heil Sümar aaleine?
Paulus (smiler). Aa faarlegt — kann det ikkje
vera for eit vaksi Mannfolk, Helga.
Helga (tvingar seg). Kanskje du vart ikkje so
aaleine heller?
Paulus. Aa, eg fekk vel lite paa, at Kona mi saag
utum meg stundom, veit eg!
Helga. Ja men dersom no han Per kauper Garden,
so fløt eg til Aase; og daa kann du kje vente Kona di
til deg so tidt?
Paulus (lær). Hev du alt tenkt so langt, du? —
(stryk henne yvi Haare). Ver roleg du; han Per
kauper ikkje Garden.
Tore. De er kanskje snart ferduge der ute no ?
Paulus. Det lid med kvart.
Ja d’er reint stygt, so mykje me hev av alle Slags
63
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>