Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Gods; eg maa heile Tidi tenkje paa ein annan, som
ikkje hadde det han kunde halle sitt Hovud til.
(til Helga). Ja Gudskjelov, Helga, at du bér
dette so staut. Du er ei Stasgjente, Helga! Og det
endaa du ikkje er frisk. (Tek henne stilt inn til seg.)
Men ho tenkjer nok mindre paa Garden enn paa
Mannen sin, ho!
Tore. Helga greider det nok.
(Vil gaa.)
Jens Eide (kjem inn). Ja no er me ferduge.
Paulus (sukkar uviljande). So fær me gaa i Veg
daa, Lensmann.
Jens. Enno er det Tid, Paal!
Paulus. Nei, Jens.
Jens. Tid til aa stanse det heile. Skal Farsgarden
din gaa under Hamaren?
Paulus. Ikkje pin meg lenger, Jens. Min Veg ligg
for meg.
Aldri hev eg kjent som no, kor fastgrodd eg er til
denne Flekken Jord. Det er paa Tidi at eg løyser meg.
Gjer heller Pina so kort du kann, Jens.
Tore. Trur du ikkje likso snart Vaarherre vil, at
me skal vekse fast til den Staden der han sette oss,
Paal?
Paulus. Eg er vaksin altfor fast. (Klagande.)
Med Magt, med Magt maa eg rive meg laus, skal eg
koma meg fri og bli heilt hans Mann, som kalla meg.
Gud gjeve det var yvistadi!
Jens. Og trur du Son din vil takke deg naar han
vert stor, for at du gjorde ’n odelslaus?
Paulus (tek seg til Haare; retter seg att). Lat
Upprope byrja, Lensmann.
Jens (dreg paa Aksline og gjeng mot Døri. Stanar
og snur seg). Me tek vel Lausøyra fyrst.
64
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>