Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Paulus. Gjer som du vil med alt.
(Jens gjeng. Tore fylgjer.)
Paulus (ropar etter Jens). Treng du meg?
Jens. Ikkje no. (Ut med Tore.)
Paulus (set seg). Aa det var vel.
Du kann tru eg hev det kje for godt der ute, Helga.
Aldri hev eg visst, at eg hadde so mange Vénir og
Skyldfolk; annankvar Mann er Systkenbarn eller
Tri-menning, og alle skal dei hava eit Ord med i denne Saki.
Og i alle Augo les eg, at dei trur eg er galin; sume
segjer det beint ut. Det er som eg skulde vilja snu upp
ned paa Verdi, av di eg liver etter eit Ord av honom —
som dei alle fører i Munnen.
–Det verste er at eg sjølv — eg tykkjer
stundom sjølv dei hev Rett. Naar eg ser paa alt dette gilde
og gode som enno er mitt, og tenkjer paa, at no skal
det ikkje vera mitt meir, — det er so det skjér i meg.
Alt som er att av den gamle Adam reiser seg og skrik:
nei! nei! eg kann ikkje, eg kann ikkje!
(Helga tegjer.)
Du maa ikkje tru noko leidt um meg, Helga. Kunde
du tenkje deg inn i korleis eg hev det i Dag, so vilde
du vita kor nøydd eg er til aa gjera som eg gjer; det
er Frelse og Sælebot det gjeld; eg kann ikkje sleppe.
Eg hev freista alle dei Utvegar og Umvegar som ut
læt seg tenkje; eg hev sagt med sjølv: du kann lempe
deg; du kann tinge med Gild; du kann stelle det so og
so, og det vil vera mest likso godt... Men alltid naar
eg skal sjaa meg til, so er det Freistaren som stend
attum med Snaara; og alltid paa nytt ropar den same
kjende og ærlege Røysti i Samvite mitt: riv deg laus.
Gjer deg fri.
Helga (mullande). Stakkars Gut.
65
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>