Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Paulus. Det er vel.
Tore (ser paa Helga). Du tek til aa trøytne du,
Helga. Det er visst best du tek deg ein Kvil.
Paulus (reiser seg; ser paa henne). Ja du ser trøytt
ut, Helga. Som altfor rimelegt er paa ein slik Dag.
Skal eg hjelpe deg?
Helga (mødd). Takk.
(Dei hjelper henne upp; Paulus styd henne inn i
Kammer se. Tore gjeng att og fram paa Golve; ser
sturin ut.)
Tore (til P aul u s, som kjem inn att). Ho forstend
deg ikkje enno.
Paulus. Ho er sjuk og trøytt. Det kjem seg nok.
Me maa live henne. Er ho fornøgd med det som Jens
hev tenkt ut?
Tore. Eg trur det kann gaa godt; (smiler) men deg
vil ho sjaa ofte.
Paulus. Ho skal sjaa meg kvar Dag. Me skal vera
jamt saman.
Tore. Det er rett. Eg trur det er det som — er alt
for Helga.
Paulus. Ho er staut.
Tore. Men kva var det for Paafund, at ho plent
skulde fylgje deg paa Møti dine midt paa kaldaste
Vinteren ?
Paulus. Eg veit ikkje. Ho fekk det med det. Og
eg kunde ikkje segja nei heller.
Tore. Ja, ja. Me fær vera vare um henne.
Paulus. Eg hev tenkt for lite paa dette fyrr;
trudde ho var likso sterk som eg er. No skal eg agte
henne som eit Barn. Naar alt er yvi (glad) — aa, du
skal sjaa, kor godt me skal faa det!
Tore. Det vonar eg visst.
67
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>