Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Paulus. Ja berre denne eine Dagen var yvi! — Eg
er ikkje meg sjølv i Dag.
Tore. Eg tenkjer det er den verste Dagen du hev
livt, Paal.
— Eg vaagar ikkje aa blande meg upp-i dette, veit
du. Eg gjeng og ynskjer at eg kunde hjelpe deg, at
Vaarherre vilde taka denne Kalken fraa deg; men–.
Paa den andre Sida gjeng eg i Otte for at du skulde
bli hindra. Det er so underlegt, dette. Baade
høgtids-legt og liksom fælslegt. Denne vesle Auktionen paa
denne vesle Bondegarden, er det kje reint som det var
... noko av ei Umvelting ?
Paulus. Ja; berre eit av Jesu minste Ord
gjenom-ført, — strakst stend Verdi paa Ende. Eg tek til aa
skyna Spaadomane um at Jesu Tru skal eggje Verdi
til hat. Vert det Aalvor av at me fylgjer i hans Fotefar,
sandeleg trur eg ikkje enno det kann koma
Forfylg-jingar.
Tore. Det er det som hev komi for meg au. Naar
eg høyrer paa Folk der ute i Dag, baade dei som gjøner
og dei som lætst hava Medynk, — det er som eg kjende
Teven av eit vaknande Blodsinne.
Paulus. Tenk um me vart ein litin Flokk, som
braut Lag med Verdi og fylgde Jesus aaleine! — Der er
eit Ord eg alltid hev funni so rart; i det heile var der
so mange Ord eg undrast paa fyrr; — eg tenkjer paa
det Orde av Jesus: eg er ikkje komin til aa sende Fred,
men Sverd!
Tore (stilt). Eller det: eg er komin til aa kaste Eld
paa Jordi, og kor gjerne vilde eg at han alt var
upp-kveikt!
Paulus. Evangelie er fullt av slike varslande Ord.
«Sjaa, eg sender dykk som Faar millom Ulvar» ...
Tore. «Og heretter skal fem i same Huse vera
68
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>