Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Unge-Salomon Storbrekke (kjem. Han er
ein Mann paa ikr. JfO, storbygd, halvt byklædd, med
eit sterkt, noko grovt, raudsprengt Andlit, smaae, kvasse
Augo, stor f akta og høgmælt). Ja du fær segja kva du
vil, Paal; men eg toler kje aa s jaa paa dette. So godt
som du no hev fengi alt til, og slikt framifraa Stell i
kvar minste Ting, og so skal det ut for Ver og Vind,
baade Garden og alt; — er du galin, Paal?
Paulus (smiler). Gakk stad og gjer like eins,
Salomon.
Salomon. Eg ? — Ja eg vert snart nøydd til det
eg, som sit upp under Armane i Skuld og Gjeld —.
(Truhjartug.) Mi Gu’ og Sæl trur eg at eg fekk det
mykje rolegare og betre, um eg sette meg til paa ei
Heid og hadde berre meg sjølv og mine aa fyri syte!
No slit eg som ein Slave og hev kje meir enn snaude
Maten for det, og maa endaa sjaa paa, at eg gjeng til
atters kvart Aar, so at rett som det er stend eg paa
Bakken berre og hev kje so mykje som so! (sputtar)
for alt Slite mitt. Mi Gu’ og Sæl gjeng eg kje og
misunner min eigin Dreng, som hev Mat og Klæde og Løn
attpaa, og kann krevja og krevja at so og so vil han
ha det; og ikkje meir Sut og Andsvar enn so! (sputtar).
Nei men du, Paulus, som er komin so godt i Gang,
og sit her med lite Hus, og — (truhjartug). Du skal
kje gjera dette, Paulus. Gjer som eg seg jer: sit paa
Garden din du, og ver ein Fagnamann som du hev vori,
og endaa meir no, daa du hev skilt Lag med desse
Lesarane; (yverteljande) no kann du koma og vera med
oss Vinstre; so tek me Amte som inginting; og so
sender me ein Mann til Things, som vil hjelpe upp oss
Bøndar litegrand.
Paulus. Er Sakførar Rabbe slik ein Bondeven ?
Salomon (i Trumaal; laagt). Aa — Fa’n i sak-
71
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>