Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Verd? skulde det ikkje liksom vera Skil paa Kristus og
Belial ? — so sparkar dei han ut og lyser han i Bann —
i nettupp det same Namne Jesus. Er det kje so du kann
tru du drøymer?
Tore. Eg segjer som eg hev sagt: tak deg i Vare,
Paulus. Verdi er Verdi, anten ho dyrkar Keisaren eller
Paven; og held du din Veg fram utan Avslag til nokon
Kant, so fær du alle imot deg og ingin med deg.
Paulus (smiler). Aa, det er ikkje faarlegt. Daa
Djevelen saag at han hadde fengi Bugti med Kyrkja, so
vart han trygg og innførde Samvitsfridom, ser du! —
Det kann han ein Gong faa trega paa.
Tore. Samvitsfridomen tek han snart i seg att, ser
han det gjeld paa. Og elles hev me desse glupe
Juristane; dei stend visst aldri i Beit for ein Paragraf. Eller
um dei berre kann faa vasa deg inni eitkvart leidt, so
vidt at dei fær sett ein Flekk paa deg; det er ög ein
Maate aa gjera brysame Folk meinlause paa. Eg hev
tenkt mykje paa dette sidan igaar. Gløym aldri den
kristelege Visdom, Paulus! Eg veit ikkje kor sløg du
er; men eg veit at du er braa; og fraa no av gjeng du
forsvarslaus millom baade Ulvar og Revar.
Paulus. Ikkje forsvarslaus, Tore! Og — (med eit
djupt, skjelvande Andetak som av sæl Von) fekk eg ein
Gong lide noko for Jesu Namns Skuld–-
Ola (stikk Hovude inn). Lensmannen spyrr etter
han Tore.
(Tore gjeng.)
Paulus (set seg i Armstolen; stryk seg yvi Enne,
legg seg att-yvi og synest vilja kvile. Han ser med ein
Gong trøytt ut). Ver hjaa meg du, Herre, — du strenge
og du gode! (legg att Augo).
(Ute høyrest som fyrr Traakk og døyvt Stqak.)
(Um litegrand g jenk Døri upp, og:)
70
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>