Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og du Tabitha daa? Du ser reint kvik ut no, du.
Tabitha (slær Augo ned). Ein fær Fred i
Sam-vite av aa arbeide.
Paulus. Ja er det kje sant, Tabitha ? Gjera Guds
Vilje er Lækjedom mot alt.
(Vert med ein Gong mjukare i Mæle.) Og du,
Evelinde?
(Tabitha stirer paa han.)
Evelinde. Med meg er det godt.
Paulus. Som alitid. — Ja du Evelinde hev stødt
vori paa ein betre Veg enn me. Det var din stillfarande
og offerviljuge Kristindom, som kannhende fyrst drog
meg au inn paa — andre Tankar. Det gode Fyridøme
er sterkare enn Ord.
Evelinde (med djupt nedslegne Augo; raudnar).
Det er større Ære enn eg fortenar.
(Kammersdøri glid stilt upp paa Glytt.)
Paulus (varm). Nei det er ikkje det, Evelinde!
(Tabitha hev under dette dregi seg meir og meir
attende; stend no bleik og framand og stirer paa deim,
liksom ho hadde fengi ein Mistanke.)
Evelinde. Det var noko me vilde tala med Dykk
um. Me høyrer de hev sagt upp Gjenta og vil vera —
utan Hjelp der ut-i Kvernhusheidi. Kunde daa ikkje
me faa tena dykk? Me kunde taka kvar si Tid, etter
som kvar av oss hev best Stundir, og hjelpe Syster Helga
med Tungarbeide. Skal De leige, vert det dyrt. (Med
ein Gong varmt.) Me vilde so gjerne tene dykk, Paulus.
Paulus. Gud velsigne dykk, Born; de er so snilde
og gode.
Evelinde. Det var vel det minste me kunde faa
gjera til Takk mot vaar Lærar og Vegvisar.
Paulus. Gud hjelpe oss for Vegvisar eg hev vori!
73
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>