- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
78

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med Jonas R u dl e v ik). — — ja; og det vil eg
segja beint ut, at eg forstend korkje Tore Eide eller
Lensmannen, som kann gaa her og sjaa paa, at denne
galne Mannen riv Huse ned yvi Hovude paa baade seg
og sine, og ikkje legg tvo Straa i Kross —

(Til Paulus.) Me vil tala med Kona di, han Jonas
her og eg. Naar du sjølv er galin, og ikkje dei næraste
heller bryr seg meir enn so, so fær me bruka Vite, me
som hev det.

Paulus. Far stillare, Folk. Helga er ikkje rask.
Ho hev lagt sfg og vil kvile.

Salomon (ser sinna paa Paulus). Kona di er
kje sjukare enn ho maa kunna svara paa eit Spursmaal,
naar det gjeld Framtid og Velferd baade for henne og
— det ho gjeng med.

Jonas Rudlevik (paa ein liten Lette). Du er
alltid so kaut, du Paulus, men no vil eg au ha eit Ord
aa segja. Eg er daa gift med Syster di, og høyrer til
Folke eg au; no vil eg tala med Helga.

Paulus. Kva er tids ? Hev de noko aa segja, so
seg det til meg; so skal eg tala med Helga.

Salomon. Du er kje rette Vedkomande i dette, du.

Jens Eide. Du nemnde meg, Salomon; kann hende
eg er rette Vedkomande.

Salomon. Ja; du burde vera det. Me tykkjer det,
Jonas Rudlevik og eg, og mange med oss, at Helga
burde SJää 8/B. faa gjort Mannen sin umyndig; for at
han ikkje er med sitt fulle Vit, det er greidt og
tyde-legt for alle, soleis som han no fer aat.

(Jens dreg paa Aksline.)

Tore (halvhøgt til Paulus). Der hev du fyrste
Freistnaden!

Per Aase (ropar). D’er kje mange her som er med
paa det! Alle ser, at han Paulus er vitug nok til aa

78

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free