Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Berre eg fær sova —. (Braadt.) Gjev meg nokre
Dropar av den Flaska.
Paulus. Naa ja, knip det... Men du veit me skal
helst spara paa den. (Godsnakkande.) Berre slaa deg
no til Ro, Helga, so greider det seg utan den. Bed til
Vaarherre, og legg deg inn til han; det er mykje betre
enn Opium. Han vil so gjerne roe og svæve slike sjuke
Born.
Helga (mildare). Gakk no, Paulus. Eg vil prøve
aa sova.
»
(Paulus kjem stilt inn. Nikkar ut til Helga og
læt att Døri.)
Jens Eide (med Tore inn fraa Bakgrunnen).
Det er komin ein Sørbue som vil ha Garden upp no.
Han er reist etter Lysingi, segjer han, og hev kje Tid
til aa drygje lenger.
Paulus (set seg). Rop Garden upp, Jens.
Jens. Det er din faste Vilje ?
Paulus. Ja.
Jens. Og dersom eg ikkje kann faa Tilslage —
Paulus. Alt det veit du eg hev lagt i Guds Hand.
Jens (ser paa han). Helga kann ikkje ta det fullt
so rolegt, Paulus.
Paulus (tek seg til Hovude; jamrande). Eg vil
bera Helga paa mine Hendar; eg vil gje mitt Liv for
henne; men ho veit, ho veit —: Guds Vilje maa fram.
(Staak og høgmælt Tale i Gangen. Døri gjeng upp,
og Unge-Salomon Storbrekke, Jonas
R u dl e v ik m. fl. Auktionsfolk, millom deim Per
Aase, kjem inn. Paulus hyssar paa deim, men det
nyttar lite.)
Unge-Salomon Storbrekke (i Fyrienden
77
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>