Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
rimeleg, folkeleg Kristindom som den me hev havt fyrr
... Og so gjeng du av og slær deg paa Kommunisme!
Er det Aalvore ditt, dette-her? Skal me skiljast paa
dette ?
Paulus. Du segjer Kommunisme; men du veit vel,
at Kommunisme og Kristindom er tvo motsette Ting?
Jens. Er dei no motsette ?
Paulus. Kommunisme lærer Folk aa krevja;
Kri-stindomen lærer Folk aa gjeva; er kje det motsett?
Jens (dreg paa Aksline). Aah!
Paulus (mildt). Gjev Gaum paa det eg segjer. Det
er det som i det heile er Kristindom; det er det som er
Skilnaden millom Kristus og Belial: Kristus gjev og
gjev og vert alltid rikare; Belial krev og krev og tek
og tek og vert alltid armare. Det er det som er
Løyndomen !
Høyr paa meg, Jensemann. Som du der stend, du
gode, hjartevarme Gut, so er du ikkje langt ifraa Guds
Rike.
Jens. No skal me høyre.
Paulus (varmt). Du er sjølv ein av deim som vil
gjeva og gjeva, og ofra deg utan Løn; og dette gjer du
av di du elskar, og av di du hev kjent kor tom Verdi er
med alt sitt Staak og med all sin Glans; tom so du ligg
der og geispar som Fisken paa Land, og maa hava noko
aa fylle ditt Liv med.
Jens. Tek du til aa frie til dei Magthavande no,
liksom din Namne Apostelen?
Paulus. Eg frir til Jens Gunnarsson Eide av
Vaa-dals Bygd; Lensmannen fekk du visst ofre.
Jens. Og naar eg no svarar nei, so sender du meg
vel til Helvite ?
Paulus. Eg veit kje noko um Helvite.
Jens. Sviktar det deg der, ditt store Mod.
99
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>