- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
98

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Du trur nok eg er Pietist enno, Jens? — Ser du;
Farisæarane, naar dei luskar seg ifraa Guds Lov, men
endaa vil vera Guds Born, so maa dei laga seg ei
Lovbok sjølve til aa gjera seg gudelege med; og i den
Lov-boki stend alle desse rare Reglane. Men det finst kje
den Ting paa Jordi, Gud hatar so hjarteleg som desse
sjølvgjorde Lovbøkane som dei trur dei skal narre han
med.

Jens. Hm. Ein Ting veit du: at ingin Kultur kann
trivast utan paa eit Grunnlag av Rikdom, i det minste
Velstand; men dette Grunnlage er det no du vil rive
burt under vaar norske Kultur med den nye Læra di.

Paulus (smiler). Fekk eg Aase-Kalle kristna paa
min Maate, so vart det det rikaste i Lande.

Jens (utölleg). Me talar Aalvor no. — Er det kje
den Skinnbrök-læra, du fær med, at «med Klæder og
Føde skal vi lade oss nøie»?

Paulus. Visst er det so! Og dertil den
Skinnbrok-læra, at den som ikkje arbeider, han er ein Tjuv! —
Men naar alle arbeider, og alle nøgjer seg med Klæde
og Mat, so maa det vel bli Rikdom av det?

Jens (dreg paa Aksline). Alt gjeng til dei fatige.

Paulus. Det vert ingi Fatigfolk! Utan gamle og
sjuke.

Jens (smiler). Ja; eg kann nok ikkje vente til dess
du hev kristna Aase-Kalle.

Paulus. Det kunde kanskje gaa snøggare um du
hjelpte meg, Jens.

Jens. Drøymar. — Men at du skal vera so altfor
mykje Drøymar er leidt; eg hadde havt so naudturveleg
Bruk for deg. Um ikkje til anna, so til Kautionist i det
religiøse! Eg er Fritenkjar, og kann ikkje faa meg til
aa segja «med Guds Hjelp»; men Kristindomen maa me
hava med. Han høyrer til, og Folke treng han... ein

98

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free