Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og vil sløkkje. Tek seg i det; stanar; mullar.) Nei...
kanskje best likevel... f Skruvar upp att.)
Evelinde ( vender seg braadt og ser mot Døri;
snur seg att). Eg tykte eg høyrde einkvan som kom.
P a u 1 u s (lyder). Nei. D’er inginting.
—Ja som sagt. Ikkje fraa «Syster» Evelinde; fraa
— Evelinde, fraa deg sjølv. Eit lite Ord som kann gjeva
Von; — aa, du forstend godt kva eg meiner. Eg bed
deg um dette; kann du gjera det, so maa du. Det er
meg meir um aa gjera enn du trur.
Evelinde (med djupt bøygt Hovud; strævande).
Eg vil gjerne gjera alt... De bed meg. Men ... tek De
kje imist?
Paulus. Nei eg gjer kje det, Evelinde. Du er so
varmt huglagd som noko Kvende paa Jordi, (mjukt)
og som du fortener, Evelinde. Eg bed deg —
Evelinde (skvett upp). Aah! Kunde det vera
Vinden? (rædd; nær inn-aat han.) Høyrde du, Paulus?
Paulus (aat Døri; Evelinde fylgjer rædd). Kann
det vera Carolus som gjeng her og luskar att? (slær
upp; skvett attende med eit døyvt Rop; tek seg
kvitnande til Haare; stend som fjetra.)
Evelinde (i Villrædsle; klyngjer seg fast til han,
skrik). Paulus! Paulus! Det er ikkje ho! (Under dette
ser ein Helga i Dør g ape, kvit, med rengde Drag og
villstirande Augo, ukjenneleg; ho mimrar med Munnen
som ho vil segja noko, men ein høyrer berre ein
hurg-lande Ljod, som vert til eit kvævt Skrik; i det same
fører ho illsnøgt Handi fraa Barmen til Munnen og
tømer Opiumsflaska. Ved Skrike sig Evelinde i Uvit
innyvi Paulus, som dermed ein Augneblink vert
burt-heft.)
Paulus (hev lempa Evelinde ned paa Golve;
med eit Sprang ut i Døri; tek Helga i Armane sine;
106
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>