- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
122

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Liv! — Aa, aldri hadde eg drøymt at det var slik Sæle
paa Jordi.

Paulus. Herren vere Lov, kjære Bror.

Gudleik. Det er so utrulegt, Paulus. Alt er
um-skift. So reint annarleis som alt ser ut! Og so mykje
annarleis som eg sjølv er! — So løyst og fri. Der er
ingin Ting eg kann ræddast. Ingin Ting som kann naa
meg, ingin Ting som trengjer paa eller tyngjer; eg er
so lyft! so lett! — Endeleg forstend eg Orde um Guds
Børns herlege Fridom. Fridom, Paulus!

Eg forstend ikkje at eg hev kunna liva i 24 Aar og
ikkje vera fri. Ikkje vita kva Fridom var. Aa denne
forunderlege Kjensla!

Paulus. No berre halde stødt fram — den smale
Vegen. Som er so tung — og so lett. Vaka og beda! —
Du er ung, Gudleik.

Gudleik. Ja, Paulus. Eg er ung og hev langt fram.
Og eg kjenner kor lett det kunde vera aa bli... for
modig. Men du hev visst meg den Vegen som ikkje
kann føre villt, den Vegen som er uppstaka med Krossar.

Paulus. Uppstaka med Krossar og tornefull og
bratt. Men med ei Sol yvi seg som aldri gjeng ned, —
og som aldri sloknar. Kor skyfull og myrk Himilen er,
— attum alle Skyer logar Soli. Det kann myrkne og det
kann storme; men det vert aldri Natt.

Gudleik (triv Handi hans; innglad). Aa, kjære,
kjære Lærar og Bror, eg er so sæl. At slikt er! at slikt
læt seg uppliva! — av eit armt, armt Menneskje.

Paulus (stilt). Og so sæl som du gjer meg,
Gudleik. Dette er ei ny Forvisning for meg, eit nytt Prov,
at Vegen vaar er den gode.

Ja, midt i mi Sorg, Gudleik, og midt imillom
Djevelens gloande Pilir, — eg er glad, glad... for meg og
for deg. Jesus Kristus er med oss; kven kann daa vera
imot oss?

122

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free